Add new comment

Kjempegod oppskrift, har servert den ved fleire anledningar siste halvåret, og er veldig fornøgd med smaken :D. Mange som òg synast den er god og fyldig på smak, og dei er ofte imponert over mønsteret på topp og inni. Definitivt å anbefale!

Men....
Som forholdsvis "fersk" kokk og bakar, er det ønskeleg at forhold og varemengder oppgitt i tekst er så presise som råd, slik at alle kan lage kaka som anvist. Eg har ved fleire anledningar brent meg på forholdet mellom lys og mørk røre ved bruk av småformene vist i bilda over. Første gang ved bruk av formene, vart det såpass mykje mørk røre at det blei eit lag for seg sjølv (hadde ikkje vegd bakebolle på førehand, så vart ikkje like presist. Vart berre to lag med sjakkmønster, som øydelegger design etter mitt eget syn). Deretter har eg prøvd å vere meir presis på "vel ein tredjedel" som gitt i oppskrift gjennom vektmålingar, men endar fortsatt opp med for mykje mørk røre, noko ein ikkje ser før dei 2 første formene er fylt opp. Denne gongen får eg tre lag med sjakkmønster, men det midterste er nokså tynt, og eit lag med mørk røre vert liggande som eit botnlag.

Etter eiga erfaring, burde teksta ovenfor endrast til 2/5 lys røre, og 3/5 mørk røre. Dette forholdet er sannsynlegvis betre då 1/3 er litt mindre enn 2/5, og vil derfor gi eit meir presist forhold enn det som er sagt i oppskrifta. På en måten vil ein kunne få nytta mest mogleg deig, og få eit meir presist mønster.

Anna enn det har eg ingenting å kommentere. Gjekk heilt fint å lage til kaka som to separate kaker (med eigne rører), skjere dei opp i delar, og legge dei saman i eit sjakkmønster. Litt rivning ved skjering og løfting, men dette er å forvente med kakedeig.

The content of this field is kept private and will not be shown publicly.

Plain text

  • No HTML tags allowed.
  • Web page addresses and email addresses turn into links automatically.
  • Lines and paragraphs break automatically.